Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus

Bergen

OTHER


Fagarbeidar VVS/ Kulde/Ventilasjon/ Automatikar


Om stillinga
Teknisk avdeling er ei av til saman 9 avdelingar underlagd Drift-/teknisk Divisjon ved Helse Bergen. Drift-/teknisk Divisjon består i hovudsak av dei fleste ikkje-medisinske avdelingane til Helse Bergen. Divisjonen har om lag 900 tilsette, med eit mangfaldig og variert kompetansespekter.

Ansvarsområde for Drift-/teknisk Divisjon:
Ansvar for drift, reinhald, sikkerheit, vedlikehald av 455.000 m2 areal med bygningar og ansvar for medisinsk-teknisk utstyr til i overkant av 1 milliard kroner. Hovudansvar for planlegging av investeringar i nybygg, ombyggingar og innhenting av tilbod til utstyr som årleg ligg rundt 400 millionar kroner. I tillegg har divisjonen ansvar for arealplanlegging og arealdisponering/ arealtildeling på sjukehuset. Vi utstyrer og sjukehuset med mat, klede og transporttenester.

Arbeidsstad for stillinga er Teknisk Rus og Psykiatri, som er ei av 10 einingar ved Teknisk avdeling. Base og oppmøte plass er for tida lokalisert ved Sandviksleitet 1 (Sandviken Sjukehus). Derfra reiser vi ut til lokasjonane som spenner seg frå Klokkarvik i sør, til Toska i Nord.

Seksjonen har ansvar for all drift og vedlikehald ved Rus og Psykiatri sine lokasjonar.

Stillinga inngår i eit tverrfagleg team på 12 personar.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
06.10.2024
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Bergen
Stillingar:
1
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4858131600
Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver
  • Søkar bør ha kjennskap til, varme, kulde automasjon og ventilasjon
  • Arbeidsoppgåver vil primært omfatte dagleg drift og vedlikehald av dei kuldetekniske og ventlasjonsanlegga
  • Drift og vedlikehald av kvitevarer
  • Andre oppgåver etter behov
  • Moglegheit for å delta i vaktordning
  • Tverrfagleg arbeid med andre fagarbeidarar må også påreknast
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som Kuldeteknikar, Ventilasjonsteknikar, Byggdrifter, Røyrleggjar, Automatikar
  • Annan relevant utdanning kan vurderast
  • Erfaring med drift av varme /kjøle og ventilasjonsanlegg er ein fordel
  • Du held deg oppdatert på gjeldande lover og føresegner
  • Kunne PC som arbeidsverktøy
  • Må meistre Norsk med god skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • Må ha førerkort klasse B
  • God teknisk innsikt og systemforståing
  • Fordel om søkar har F-Gass sertfikat
Personlege eigenskapar
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort
  • Arbeider strukturert med eit klart mål
  • Arbeider sjølvstendig, og saman med andre i team
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Serviceinnstilt framfor kundane
  • Trivst i eit miljø der ein vidareutviklar seg sjølv og andre kollegaer
Vi tilbyr
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitid (flesteparten begynner 07.00 og går heim ca 14.30)
  • Betalt lunch

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.

Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.




Adresse:
Sandviksleitet 6, 5036 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Tor Henning Knudsen
Seksjonsleiar
Telefon:
55 95 83 29

Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

Similar Jobs


September 9, 2024

Stranda kommune
Fagarbeidar- Eining for habilitering/ rehabilitering

Stranda

OTHER

View Details

September 12, 2024

Helse Fonna
Vi søkjer lager og transportsjåfør, gjerne helsefagarbeidar

Haugesund

OTHER

View Details

September 10, 2024

Stad kommune
Helsefagarbeidar ved Seljetunet

Selje

OTHER

View Details

September 17, 2024

Vestre Slidre kommune
Helsefagarbeidar- fast stilling i heimetenesta

Slidre

OTHER

View Details

August 30, 2024

Ørsta kommune
Off. godkjent helsefagarbeidar

Ørsta

OTHER

View Details

June 24, 2024

Ørsta kommune
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 24/25

Ørsta

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Audiopedagog

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Vi søker barnehageassistent

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

Bergen

OTHER

View Details

September 11, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Rådgivar logistikk

Bergen

OTHER

View Details

September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Gastrokirurg/ generell kirurg, Voss sjukehus

Bergen

OTHER

View Details