Om stillinga
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 815 engasjerte medarbeidararar som utfører forsyningstenester, varemottak, pasienttransport, andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, sikkerheitstenester, drift av parkeringsanlegg, sentralbordtenester og kurs- og konferansesenter. Avdelinga har eit breitt samansett
fagmiljø, geografisk spreiing og tenestene er organisert i 8 einingar. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har fornøyde medarbeidarar og brukarar. Rådgjevar rapporterer til avdelingssjef og inngår i team med fleire rådgjevarar.
Avdelinga skal levere effektive støttetenester og utvikle tenestene i samhandling med brukarane. Vi kan tilby gode arbeidsforhold og eit føretak som er inne i ein moderningseringsfase med tanke på nye og spennande utfordringar innan pasientbehandling, digitalisering og stor byggeverksemd.