Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Politiet

Ålesund

OTHER


Fast stilling som rådgivar og førstekonsulent

Fast stilling som rådgivar og førstekonsulent Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie - Seksjon for utlendingsforvaltning, Møre og Romsdal politidistrikt
Om stillinga
Vil du bidra i politiets viktige arbeidet innan utlendingsforvaltning?

Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar på politihuset i Ålesund og ei fast stilling som førstekonsulent på politihuset i Kristiansund. Ved eventuelt intern opprykk kan det bli ledig ei stilling som førstekonsulent også i Ålesund.


Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til god forvaltning innan utlendingsfeltet og at innbyggjarane opplever tilgjengelege tenester med god kvalitet. Du har gode samarbeidseigenskapar og vilje til å spele andre gode. Vi har eit godt sosialt arbeidsmiljø og høgt fagleg engasjement. Her får du ein variert arbeidskvardag der det blir lagt til rette for kompetanseheving.


Utlendingsfeltet er eit fagområde der endringar nasjonalt og internasjonalt påverkar arbeidskvardagen. Seksjonen jobbar for å levere gode tenester til alle som er i kontakt med utlendingsforvaltninga til politiet. Å arbeide førebyggjande og vareta kontrolloppgåvene våre er ein sentral del av oppgåvene, der eit overordna mål er at "alle som oppheld seg i Noreg har avklart identitet og lovleg opphald". Vi skal i oppgåveløysinga vareta rettstryggleik, god kvalitet, lik behandling, tryggleik og effektivitet.


Seksjon tek imot og behandlar søknader om ulike typar opphaldsløyve, svarer på førespurnader til rettleiingstenesta og gjennomfører ei rekkje intervju i ulike sakstypar. Vi jobbar også aktivt med ID-avklaring, tilbakekalling av løyve gitt på feilaktig grunnlag og førebygging av mellom anna tvangsekteskap.


Arbeidsoppgåver
Rådgivar
  • Utføre utgreiingar innan arbeidsområdet til seksjonen, bidra til faglege avklaringar, og samt greie ut porteføljane til seksjonen og lage rapportar.
  • Delta i fagutvikling, dele informasjon og bidra til å auke kompetansen både internt og eksternt.
  • Bidra til kriminalitetsførebyggjande arbeid i utlendingsforvaltninga, spesielt i tilbakekallingssaker.
  • Utføre saksbehandling og førebuing i meir kompliserte saker.
  • Gjennomføre forvaltningsintervju og avklaringssamtalar.
  • Gjennomføre ID-kontroll av både personar og dokument (nokre oppdrag kan være utanfor kontoret.
  • Gjennomfør vandelsvurdering og skrive rapportar i familiesaker.
  • Delta i rettleiingsarbeidet til seksjonen, gi råd til publikum.
  • Motta, førebu og saksbehandle søknader etter utlendingsloven og statsborgerloven.
  • Andre oppgåver etter behov
Førstekonsulent
  • Motta, førebu og saksbehandle søknader etter utlendingsloven og statsborgerloven. .
  • Gjennomføre ID-kontroll av både personar og dokument.
  • Bidra i vår rettleiingsteneste ved å svare på førespurnader, slik at vi kan løyse behov, vere tilgjengelege og oppfylle vår rettleiingsplikt.
  • Ta biometriske opptak og bestille opphaldskort og reisedokument.
  • Gjennomføre forvaltningsintervju og avklaringssamtalar.
  • Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
Rådgivar
Nødvendige
  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå innanfor juridiske eller samfunnsvitskaplege fag.
  • Lang og relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • Relevant erfaring, fortrinnsvis frå utlendingsforvaltning
  • God formidlingsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
  • Landkunnskap, kjennskap til samfunnsforhold, religion og politikk i aktuelle landområde
Ønska
  • Høgare utdanning på masternivå innanfor juridiske eller samfunnsvitskaplege fag
  • Kjennskap til saksfeltet og evne til å finne fram til og forstå lovverk, retningslinjer m.v.
  • Erfaring med rettleiingsoppgåver, opplæring og endringsprosessar
  • Erfaring med utgreiing og analyse
  • Erfaring med kundebehandling/service
  • God kjennskap til saksbehandlingssystemet til politiet generelt og innanfor fagfeltet spesielt
Førstekonsulent


Nødvendige


  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå innanfor juridiske eller samfunnsvitskaplege fag.
  • Relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • God formidlingsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
Ønska
  • Landskunnskap, kjennskap til samfunnsforhold, religion og politikk i aktuelle landområde
  • Relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med kundebehandling/service
  • God kjennskap til saksbehandlingssystemet til politiet generelt og innanfor fagfeltet spesielt.
Andre krav for begge stillingar


  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Søknader som ikkje har vedlagt NOKUT-godkjenning vil ikkje bli behandla.
Personlege eigenskapar
Rådgivar og førstekonsulent
  • Har evne til å ta sjølvstendige vurderingar, tek initiativ og jobbar systematisk og strukturert
  • Har gode analytiske evner og er open, engasjert og fagleg nysgjerrig
  • God på å kommunisere klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg, i komplekse saker og rettleiingsarbeid
  • Har stor arbeidskapasitet, har god stressmeistringsevne, evne til å jobbe effektivt og med fleire oppgåver samtidig
  • Samarbeidsorientert: Dyktig til å dele kunnskap og jobbe tett med andre for å fremme kompetanseutvikling både internt og eksternt.
  • Er positiv og serviceinnstilt i møte med innbyggere og kollegaer
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida
  • Stillingene blir lønt som høvesvis rådgivar (stillingskode 1434), frå kr 548 600 til kr 646 000 brutto per år eller førstekonsulent (stillingskode 1408), frå kr 495 200 til kr 565 900 brutto per år.
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Tilgang til bedriftsheilseteneste
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mulighet for trening i arbeidstida
Om arbeidsgivaren
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

September 21, 2024

JYSK
Butikksjef JYSK Arendal

Arendal

OTHER

View Details

September 20, 2024

Bulk
Project Managers

Øvrebø

View Details

Similar Jobs


September 5, 2024

Sykehuset Innlandet
Enhetsleder 100% fast stilling

Ingeberg

OTHER

View Details

September 4, 2024

Sykehuset Innlandet
Helgestilling 13,85% fast

Ottestad

OTHER

View Details

September 10, 2024

Strawberry
BREAKFAST & LUNCH WAITER / WAITRESS - WOOD HOTEL BODØ

Bodø

View Details

September 10, 2024

Politiet
Fast stilling som rådgivar og førstekonsulent

Kristiansund

OTHER

View Details

September 9, 2024

Vestre Slidre kommune
Reinhaldar - faste stillingar

Slidre

OTHER

View Details

September 6, 2024

Aust-Agder fylkeskommune
Tannpleier/Tannlege - 100% fast stilling

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 20, 2024

Politiet
Ønsker du å jobbe med noen av de mest alvorlige og høyest prioriterte straffesakene i Agder politidistrikt?

Kristiansand

OTHER

View Details

September 19, 2024

Politiet
Avsnitt for utlendingskontroll og etterforskning søker etter Politibetjent 1-3

Kristiansand

OTHER

View Details

September 17, 2024

Politiet
Vil du bli produkteier til et av politiets tverrfaglige utviklingsteam?

Oslo

OTHER

View Details

September 17, 2024

Politiet
Vi søker avsnittsleder til avsnitt for innhenting

Oslo

OTHER

View Details

September 17, 2024

Politiet
Digital innsatsleder

Oslo

OTHER

View Details