Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus

Bergen

OTHER


LIS2 vikariat i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi


Om stillinga
Om stillinga:
Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS2 i generell kirurgi/gastroenterologisk kirurgi frå 01.11.24 - 31.08.25. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Kirurgisk seksjon behandlar generell- og gastrokirurgiske pasientar. Vi utfører gallekirurgi, ulike typar tarmreseksjonar, fedmekirurgi, alle typar brokk og proktologiske tilstandar. Sjukehuset har akuttfunksjon innan traumatologi. Vi har stor endoskopisk aktivitet og skal medverke i koloskopiscreeningprogrammet som er under utrulling. Det er per i dag 8 LIS2/3 stillingar ved kirurgisk avdeling. Det er 6 spesialistar i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi ved sjukehuset. Det er felles LIS2/3 vakt for kirurgi og ortopedi på kveld og natt.

Litt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på 5 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i Indre Sogn.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Litt om Voss:
Voss herad aukar folketalet og har for tida 16.100 innbyggjarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og -aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar samt ein flott golfbane. Me har gode rabattordningar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportveko. Kulturlivet er rikt og variert med Vossa Jazz, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Sjå her: Å bu og jobbe på Voss


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
22.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Voss
Stillingar:
1
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4854840338
Startdato:
01.11.2024
Sluttdato:
31.08.2025
Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver
  • Poliklinikk
  • Visittgang/ postarbeid
  • Operere og assistere på operasjon
  • Rettleie LIS1
  • Den som blir tilsett som LIS, vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og annan etterutdanning
Kvalifikasjonar
  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-2 stilling i generell kirurgi/gastrokirurgi
  • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.

Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.




Adresse:
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Christer Kvelvane
Seksjonsoverlege
Telefon:
56 53 35 00

Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

Similar Jobs


August 27, 2024

Nordlandssykehuset HF
LIS2/3 i generell kirurgi

Stokmarknes

OTHER

View Details

September 10, 2024

Hero Norge
Vikariat miljøarbeider natt 100% (turnus) Sunndal EMA

Sunndalsøra

OTHER

View Details

September 10, 2024

Skatteetaten
Lederstilling vikariat

Stavanger

OTHER

View Details

September 10, 2024

UiT Norges Arktiske Universitet
Universitetslektor i norsk 50 % vikariat

Tromsø

OTHER

View Details

September 9, 2024

UiT Norges Arktiske Universitet
Universitetsbibliotekar / førstebibliotekar - vikariat

Tromsø

OTHER

View Details

September 11, 2024

Froland kommune
Ledig vikariat i respiratorteam

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Audiopedagog

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

Bergen

OTHER

View Details

September 11, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Rådgivar logistikk

Bergen

OTHER

View Details

September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Gastrokirurg/ generell kirurg, Voss sjukehus

Bergen

OTHER

View Details

September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
LIS2 vikariat i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi

Bergen

OTHER

View Details