Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus

Bergen

OTHER


Gastrokirurg/ generell kirurg, Voss sjukehus


Om stillinga
Voss sjukehus har ledig vikariat for gastrokirurg frå 01.01.25 - 17.08.25

Voss er eit akkurat så lite sjukehus at du blir ein del av eit inkluderande og støttande miljø, og stort nok til at vi alle får utfordringar og moglegheit til å utvikle oss som fagfolk.
Voss sjukehus, kirurgisk seksjon har 6 fast tilsette gastrokirurgar og 5 LIS 2. Kirurgisk seksjon behandlar generell- og gastrokirurgiske pasientar. Vi utfører gallekirurgi, ulike typar tarmreseksjonar, fedmekirurgi, proktologiske tilstandar og alle typar brokk. I tillegg har sjukehuset akuttfunksjon innan traumatologi. Vi har stor endoskopisk aktivitet.

Vi har tett samarbeid med gastrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus, både undervisningsmessig og reint operativt. Vi får overført ulike pasientar til operativ behandling på Voss sjukehus. I tillegg opererer kirurg frå HUS pasientar på Voss sjukehus.

Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Litt om Voss:
Voss herad har rundt 15.800 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg berre nokre steinkast frå sjukehuset, og det er ein flott golfbane her. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz. Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
22.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Voss
Stillingstittel:
Gastrokirurg/ generell kirurg Voss sjukehus
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4853030948
Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver
  • Pasientretta arbeid på sengepost, poliklinikk og operasjon
  • Elektiv og akutt kirurgi
  • Delta i vaktordning, for tida 6 delt
  • Bidra fagleg gjennom undervisning, rettleiing og teamarbeid
  • Rettleiarfunksjon for LIS2
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan generell kirurgi og gastroenterologisk kirurgi.
  • Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
  • Erfaring og kompetanse innan brokkirurgi, bariatrisk kirurgi og tarmreseksjonar
  • Erfaring og kompetanse innan endoskopiske prosedyrar
Personlege eigenskapar
  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Vi vektlegg høgt vilje - og eigenskapar til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Vi legg til rette for kompetanseheving, etterutdanning og forskning for spesialistar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse:
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Christer Kvelvane
Seksjonsoverlege
Telefon:
56 53 35 00
Birger Norderud Lærum
Direktør
Telefon:
900 65 938

Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

September 21, 2024

JYSK
Butikksjef JYSK Arendal

Arendal

OTHER

View Details

Similar Jobs


September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
LIS2 vikariat i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

Bergen

OTHER

View Details

August 27, 2024

Nordlandssykehuset HF
LIS2/3 i generell kirurgi

Stokmarknes

OTHER

View Details

September 11, 2024

Helse Møre og Romsdal
Utdanningsstilling i spesialsykepleie innen operasjon, Ålesund sjukehus

Ålesund

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Audiopedagog

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Vi søker barnehageassistent

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

Bergen

OTHER

View Details

September 11, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Rådgivar logistikk

Bergen

OTHER

View Details

September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
LIS2 vikariat i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi

Bergen

OTHER

View Details