Job Opportunities in Norway


September 11, 2024

Helse Møre og Romsdal

Ålesund

OTHER


Utdanningsstilling i spesialsykepleie innen operasjon, Ålesund sjukehus


(i ny fane)



Om stillinga
Vil du vidareutvikle deg innan operasjonssjukepleie? Utdanningsstilling for sjukepleiarar ved Ålesund sjukehus.

Er du ein sjukepleiar med eit brennande engasjement for faget ditt, og ønskjer å vidareutdanne deg innan operasjonssjukepleie? No har du sjansen til å kombinere utdanning med praksis ved Ålesund sjukehus, og vere med på å utvikle både operasjonssjukepleiefaget og helsetenesta vår.

Kva ser vi etter?
Vi søkjer deg som er motivert, fleksibel og som trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø. Du har gode kommunikasjonsevner, er kunnskapssøkande, og ønskjer å bygge ei framtid som spesialsjukepleiar hos oss i Helse Møre og Romsdal (HMR).

Dette tilbodet gjeld primært for deg som enno ikkje er spesialsjukepleiar, og som vil satse på vidareutdanning innan operasjonssjukepleie. For å søkje, må du sende inn søknad med vitnemål, tenestebevis (datert 2024), referansar og opptakspapir frå utdanningsinstitusjonen innan 18. september 2024.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
18.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Utdanningsstilling i spesialsykepleie innen operasjon, Ålesund sjukehus
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4858280550


Arbeidsoppgåver
  • Følgje studieplanen frå studiestaden, inkludert deltaking på all undervisning i både teori og praksis
  • Fullføre praksisstudiane i samsvar med krava
  • Jobbe minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår
  • Etter fullført utdanning vil det vere bindingstid ved Ålesund sjukehus, som hovudregel i tredelt turnus
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Minst 2 års klinisk erfaring som sjukepleiar i 100 % stilling ved oppstart av studiet
  • Tilbod om studieplass på master i spesialsjukepleie
  • Referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar eller tilsetjingsforhold
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og positiv haldning til å jobbe i team
  • Ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Utdanningsstilling med 90 % løn i 1,5 år av studietida (tre semester, 90 studiepoeng)
  • Fjerde semester er ikkje lønna, men mastergraden (30 studiepoeng) kan gjennomførast på deltid etter avtale
  • Tilbod om fast stilling som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal etter bindingstida




Adresse:
Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Guro Berge
Utdanningssjef
Telefon:
+47 90513195
E-post:
Guro.Berge@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

September 21, 2024

JYSK
Butikksjef JYSK Arendal

Arendal

OTHER

View Details

September 20, 2024

Bulk
Project Managers

Øvrebø

View Details

Similar Jobs


September 18, 2024

Oslo universitetssykehus
Ledende spesialsykepleier drift

Oslo

OTHER

View Details

September 13, 2024

Larvik Kommune
Helsefagarbeider/utdanningsstilling

Stavern

OTHER

View Details

September 5, 2024

Horten kommune
Spesialsykepleier onkologi eller palliasjon

Horten

OTHER

View Details

September 11, 2024

Aust-Agder fylkeskommune
Undervisningsstilling ved Fagskolen i Agder innen maritime fag

Grimstad

OTHER

View Details

September 13, 2024

Aust-Agder fylkeskommune
Undervisningsstilling innen Bygg- og anleggsteknikk

Flekkefjord

OTHER

View Details

September 13, 2024

Politiet
Fagansvarlig innen mobil- og omvendt voldsalarm

Kristiansand

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sykepleiar

Molde

OTHER

View Details

September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikarar miljøterapeut/miljøarbeidar

Ålesund

OTHER

View Details

September 6, 2024

Helse Møre og Romsdal
Seksjonsleiar

Volda

OTHER

View Details

September 6, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarstudent

Ålesund

OTHER

View Details

September 6, 2024

Helse Møre og Romsdal
Spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog med master

Volda

OTHER

View Details