Er du sjukepleiarstudent og ønskjer relevant arbeidserfaring? Sjå her!
Vi på Medisinsk sengepost 1 ved Ålesund sjukehus ser etter engasjerte sjukepleiarstudentar som ønskjer seg ein tilkallingsjobb. Ønskjer du deg fagleg relevant arbeidserfaring? Ser du etter ein jobb ved siden av studier med muligheit for sikker sommerjobb? Då er kanskje dette ein jobb for deg!
Kvifor jobbe på Medisin 1? Her på Medisin1 jobber vi med fagfelta lunge og kardiologi. Du vil få mulegheita til å jobbe ilag med dyktige sjukepleiarar med god erfaring og kunnskap innanfor desse felta som også veileder og deler sin kunnskap. Vi er ein gjeng, både nye og erfarne, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og legar, som saman jobbar for å gi best mogleg tilbod til pasientane våre.
Vi har 24 sengar fordelt på 3 team derav 2 hjerte- og 1 lungeteam. Vi har ansvar for pasientar som bl.a kjem inn med; brystsmerter, hjartesvikt, rytmeforstyrringar, lungekreft, KOLS, lungefibrose og astma. Dette er hovuddiagnosene som vi har ansvar for, men vi behandlar også andre generelle diagnosar.
Det er viktig for oss at pasientane kjenner seg trygge og ivaretekne under innlegginga. Vi har difor fokus på kompetanseheving for våre ansatte og jobbar kontinuerleg med forbetringsarbeid. Vi har bl.a eigne fagdagar arangert av fagsjukepleiarane våre, som student vil du få mulegheit til å delta på desse.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
20.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Sjukepleiarstudent
Stillingar:
5
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Tilkalling/Timebasis
Stillingsprosent:
0
Webcruiter-ID:
4855877018
Startdato:
23.09.2024
Arbeidsoppgåver
Arbeidsdagen består av omsorg, observasjoner, stell og pleie avvåre medisinske pasientar
Delta aktivt med i utforminga av pasientens behandlingsplan og bidra til eit godt pasientforløp
Andre relevante arbeidsoppgaver vil forekomme
Kvalifikasjonar
Sjukepleiarstudent
Gjerne erfaring frå kommunehelsetjenesta eller sjukehus, men dette er ikkje eit krav
Gode kommunikasjonsferdigheiter
Personlig egnethet vil bli vektlagt ved ansettelse
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevner
Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Du er arbeider systematisk, og har gode arbeidsrutiner
Vi tilbyr
Tilpassa opplæring. 2-4 vakter
Tilbod om å delta på fagdagar og anna undervisning i regi av avdelinga
E-læringskurs
Vi tilstreber at det er 2 studentar på jobb ilag på helg
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Adresse:
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 92652725
E-post:
inger.k.reiten@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available