Fagarbeidar- Eining for habilitering/ rehabilitering
Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
Om stillinga
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best moglegfunksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-tenester.
Det er ledig:
2 x 80 % fast stilling som nattevakt
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
23.09.2024
Arbeidsgivar:
Stranda kommune
Stad:
Stranda
Stillingstittel:
Fagarbeidar 2 x 80% fast stilling på natt
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
80
Webcruiter-ID:
4857360668
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
Etablere og vedlikehalde gode relasjonar
Etablere og vedlikehalde gode rutinar for miljøterapeutisk arbeid
Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
Vere deltakar i å fremme eit godt, trygt og forutsigbart arbeidsmiljø
Delta aktivt i fagutviklinga i eining
Fagsystema som blir nytta er Profil, Compilo og Sam Pro
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav
Førarkort kl. B
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med anna relevant utdanning/praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting
Personlege eigenskapar
Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
Omgjengeleg og serviceinnstilt
Du er ein god rollemodell
Vi tilbyr
Spennande arbeidsoppgåver i tverrfagleg teneste
Tverrfagleg samarbeid
Godt arbeidsmiljø
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offenteleg tenestepensjon for nytilsette
Adresse:
Kyrkjegata 13, 6200 Stranda, *** Ikke valgt ***
Kontaktinformasjon
Stine Fjørstad
Fagleiar
Telefon:
93474099
Helene Rimstad
Einingsleiar
Telefon:
+47 46411059
Om arbeidsgivaren
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus ogtreningssenter. Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur.
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available
Vi søker ny fastlege. Vil du ha muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv - ja då er denne Stranda rette staden for deg, med unik natur, fjord og fjell!