Om stillinga
Vi søker ein helsefagarbeidar til heimetenesta. Stillinga på 65% er ledig frå 01.10.24. Arbeid er kvar 6. helg med 14 timars vakter. Om ein ynskjer, kan ein heller gå 3. kvar helg med 8 timers vakter.
Heimebaserte tenester består av heimesjukepleie, bemanna omsorgsbustadar for demente (Bergtun), helsetenester ved Vestoppland fengsel, avdeling Slidreøya og praktisk bistand. Heimetenesta i Vestre Slidre kommune har administrasjon på Helsetunet i Slidre. Heimetenesta dekker områda Lomen, Slidre og Røn, samt kommunens aktive hytte- og stølsområder heile året.
Om arbeidsgivaren
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.