Om stillinga
Vestre Slidre kommune har ledig 80% vikariat i psykisk helse- og rusteneste med 1 års varigheit. Det er moglegheit for full stilling i periodar eller lågare stillingsprosent viss ynskjeleg.
Vestre Slidre kommune har eit kontorfellesskap der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjon, familieveileder og kommunepsykolog i Øvre Valdres er samlokalisert.
Tenesta har 4 tilsette og er eit lågterskel-tilbod for personar som slit med si psykiske helse og/eller har rusutfordringar. Målet for tenesta er å fremme god psykisk helse, førebygge og redusere problemutvikling, samt fremme meistring av eiga liv. Tenesta har samarbeid med kommunens tildelingskontor, NAV, heimesjukepleia, miljøtenesta, spesialisthelsetenesta, fastlegar og frisklivssentralen.
Ynskjer du ei stilling der du kan delta i utviklinga av det helsefremmande og førebyggande arbeidet, er dette jobben for deg.