Seljetunet har ledig 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar.
Seljetunet utfører tenester til bebuarar i institusjon og bufelleskap. Seljetunet har totalt 47 plassar der 31 rom er for langtidsopphald i institusjon og 16 bemanna omsorgsbustadar. Vi har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. I tillegg har eininga avlastingsopphald og korttidsopphald. Seljetunet har eige institusjonskjøkken.
Stillinga har tredelt turnus med nattevakter som er i samarbeid med heimetenesta, der vi bistår med hjelp etter behov i bufellesskap og i heimen. Det er arbeid kvar 3. helg og det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i høve planlegging av arbeidstid .10% av stillinga kan vere frie timar som ikkje er planlagt i turnus og du kan ta vakter når det passar for deg.
Som tilsett på Seljetunet vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga. Seljetunet deltek i TØRN -pilot der vi ser på ny oppgåvedeling.
Er du i sluttfasen av lærlingtida? Start gjerne di utvikling som helsefagarbeider hos oss!
Om arbeidsgivaren
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/