Stad kommune har ledig 100 % vikariat som økonomimedarbeidar frå 01.01.2025 til 01.03.2026. Stillinga er plassert i stabseining økonomi, som er lokalisert i Stad rådhus på Nordfjordeid. Stabseining økonomi har ansvar for mellom anna budsjett, rekneskap, fakturering, innkrevjing, finansforvaltning og er ein sentral støttefunksjon for kommunalområda og einingane i kommunen.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
29.09.2024
Arbeidsgivar:
Stad kommune
Stillingstittel:
Økonomimedarbeidar i Stad kommune
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4854663515
Startdato:
01.01.2025
Sluttdato:
01.03.2026
Arbeidsoppgåver
Mottak og handsaming av inngåande faktura
Kontroll- og avstemmingsarbeid
Oppfølging mot kommunen sine einingar og tenesteområde
Andre daglege arbeidsoppgåver innafor rekneskap og budsjett
Arbeidsoppgåvene vil også være avhenging av kva erfaring og kompetanse den som vært tilsett har med seg
Kvalifikasjonar
Utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på økonomi er ynskjeleg
Erfaring frå økonomiarbeid i offentleg eller privat verksemd kan kompensere for høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
Evne til å organisere arbeidsoppgåvene og følge fristar
Evne til å takle mange arbeidsoppgåver og høgt tempo
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid
Vi tilbyr
Eit godt fag- og arbeidsmiljø med varierte oppgåver
Løn etter kommunalt avtaleverk. Meir informasjon om løn- og arbeidsvilkår i Stad kommune finn du her: https://stad.kommune.no/politikk-og-organisasjon/organisasjon/jobb-i-stad/lon-og-arbeidsvilkar-knytt-til-arbeidsavtalen/
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
Fleksibel arbeidstid
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt med økonomisjef Ole Starheim på telefon 91 32 01 44 for ein prat om stillinga!
Adresse:
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, Norge
Kontaktinformasjon
Ole Starheim
Økonomisjef
Telefon:
913 20 144
E-post:
ole.starheim@stad.kommune.no
Om arbeidsgivaren
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available