Job Opportunities in Norway


September 13, 2024

Stad kommune

Nordfjordeid

OTHER


Lærarar ved Eid ungdomsskule


Stad kommune har ledig inntil 170 % vikariat som lærar ved Eid ungdomsskule i perioden 01.11.2024 - 31.07.2025. Oppstartstidspunktet er fleksibelt.
Eid ungdomsskule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen vil skuleåret 2024-2025 ha ca. 275 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team.
Fagønskje: Norsk, norsk som andrespråk, matematikk, naturfag og gjerne utdanning innan spesialpedagogikk. Andre fag er også aktuelle.
Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
29.09.2024
Arbeidsgivar:
Stad kommune
Stad:
Nordfjordeid
Stillingstittel:
Ledige vikariat som lærar ved Eid ungdomsskule
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
100, 70
Webcruiter-ID:
4856540561


Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere opplæringa
  • Leie læringsarbeid i klasse og gruppe
  • Samarbeid med føresette og ev. andre samarbeidspartar
  • Team- og tverrfagleg samarbeid
  • Spesialundervisning
  • Delar av stillinga kan bli sett til vikariering
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer lærar med undervisningskompetanse i norsk, norsk som andrespråk, matematikk, naturfag og gjerne utdanning innan spesialpedagogikk. Andre kvalifiserte søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning vil også bli vurderte.
  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og ungdom, som har god relasjonskompetanse og evne til å skaper trygge og føreseielege dagar for elevane.
  • Du som har blikk for den einskilde, men også for det som må til for fellesskapet for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
Personlege eigenskapar
  • Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Er god til å skape trygge relasjonar til enkeltelevar og elevgrupper/klasser
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Er sjølvstendig og systematisk
  • Har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er utviklingsorientert
  • Gode kunnskapar innan IKT
Vi tilbyr
  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Eid ungdomsskule v/rektor Peder Felde telefon 97 03 27 61.



Adresse:
Eid ungdomsskule, 6770 Nordfjordeid, Norge

Kontaktinformasjon
Peder Felde
Rektor Eid ungdomsskule
Telefon:
970 32 761
E-post:
peder.felde@stad.kommune.no
Ingrid Bergset-Leite
Assisterande rektor
Telefon:
478 90 251
E-post:
ingrid.bergset-leite@stad.kommune.no

Om arbeidsgivaren
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

September 21, 2024

JYSK
Butikksjef JYSK Arendal

Arendal

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 13, 2024

Stad kommune
Økonomimedarbeidar

Nordfjordeid

OTHER

View Details

September 10, 2024

Stad kommune
Helgestillingar og tilkallingsvikarar ved Seljetunet

Selje

OTHER

View Details

September 10, 2024

Stad kommune
Helsefagarbeidar ved Seljetunet

Selje

OTHER

View Details