Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 11 år. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta.
Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person?
Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss.
Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
27.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse, omsorg og velferd
Stad:
Stordal
Stillingstittel:
Medarbeidar skule/helse
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4859699942
Del på X
Del på Linked In
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen.
Kvalifikasjonar
Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
gjerne helsefagleg bakgrunn
Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
Bilsertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
Er serviceinnstilt
Vi tilbyr
Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
God opplæring
God pensjonsordningi KLP
Løn etter gjeldande avtaleverk
Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart
Adresse:
Simamarka 28, 6250 Stordal, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Anna Birgitt Myklebust
Leiar Fjord habilitering
Telefon:
+47 41867990
Om arbeidsgivaren
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no