Meling skule søkar kontormedarbeidar 75 % fast stilling Meling skule er ein 1. - 7. skule og ligg fint plassert i bygda Meling. Skulen har 190 flotte elevar i eit inkluderande læringsmiljø saman med 35 tilsette. Delar av skulen er nyoppussa, med SFO base og stort uteområde med lett tilgang til turløype. Me ser etter deg som vil delta i eit felleskap der me saman jobbar for at elevane skal oppleve respekt, tillit og klare forventningar i eit trygt og motiverande miljø.
Nøkkelinformasjon
Del på X
Del på Linked In Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Arkivansvar
Journalføring
Arbeid i ulike digitale fagsystem som t.d Unit 4, Elements, Vigilo med fleire
Sentralbord/resepsjon
Bestillingar
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning på høgskulenivå (BSc). Fagbrev i kontorfag og relevant arbeidserfaring vil bli vurdert.
Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader (jf. opplæringslova § 17-11).
Sikker språkforståing og gode evner i norsk skriftleg og munnleg
Erfaring med IKT som arbeidsverktøy
Det vert lagt vekt på at ein er personleg eigna for stillinga.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Katrine Hausberg.
Adresse: Melingsheio 20, 5430 Bremnes, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg
Telefon: 958 35 391
Om arbeidsgivaren
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Adresse: Melingsheio 20, 5430 Bremnes, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg
Telefon: 958 35 391
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available