Er du ein trygg og inspirerande formidlar?
Bømlo folkebibliotek har fått midlar frå Utdanningsdirektoratet til utvikling av skulebiblioteka i Bømlo kommune.
Vi søkjer etter ein formidlar i 40% stilling i eitt år som skal drive med opplæring og inspirere lærarar og elevar til å bli gode litteraturformidlarar, og gjera dei trygge i å formidla og fremja forteljarglede.
Stillinga ligg under Bømlo folkebibliotek der vedkommande også vil ha kontorstad.
Nøkkelinformasjon
Del på X
Del på Linked In Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Utforme eit formidlingsopplegg for tilsette og elevar i Bømloskulen
Gjennomføre workshops og kurs med elevar og tilsette
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast
Kvalifikasjonar
Utdanning innan formidling
Erfaring med formidling og rettleiing av barn og vaksne
Erfaring med planlegging og gjennomføring av workshops og kurs
Relevant erfaring kan erstatte kravet om formell kompetanse
Personlege eigenskapar
Strukturert og god gjennomføringsevne
Samarbeide godt med andre og vera god på bygging av nettverk
Vera fleksibel og omstillingsvillig
Dei personlege kvalitetane vert vektlagd
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (tittel/namn til leiar for stillinga)
Kontaktinformasjon
Ingrid Leithaug Mjanger
Barne- og ungdomsbibliotekar
Telefon: 944 00 003
E-post: ingrid.leithaug.mjanger@bomlo.kommune.no
Astrid Drevland
Biblioteksjef
Telefon: 416 74 209
E-post: astrid.drevland@bomlo.kommune.no
Om arbeidsgivaren
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Kontaktinformasjon
Ingrid Leithaug Mjanger
Barne- og ungdomsbibliotekar
Telefon: 944 00 003
E-post: ingrid.leithaug.mjanger@bomlo.kommune.no
Astrid Drevland
Biblioteksjef
Telefon: 416 74 209
E-post: astrid.drevland@bomlo.kommune.no
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available