Vil du vera med å forma framtida til Bremnes ungdomsskule? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som vil spela ei nøkkelrolle i skulen sitt pedagogiske arbeid. Som avdelingsleiar får du eit variert arbeid med både administrasjon og undervisning, og saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane vil du vera med på å skapa eit godt læringsmiljø i eit moderne skulebygg frå 2018. Her finn du gode fagmiljø, topp fasilitetar og eit tett samarbeid om skulen sitt utviklingsarbeid.
Me søkjer etter deg som har eit sterkt engasjement for elevane og for skulen si utvikling!
Bremnes ungdomsskule har nær 400 elevar og 60 tilsette, med symjehall og idrettsanlegg som næraste nabo. Her ligg alt til rette for ein god arbeidsplass for både elevar og tilsette i eit moderne bygg.
Nøkkelinformasjon
Del på X
Del på Linked In Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk utviklingsarbeid og oppfylging av læringsarbeid.
Følgje opp elevsaker og sosialpedagogiske saker.
Fellesadministrative oppgåver med vikaransvar.
Personaladministrative oppgåver med personalansvar.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse og undervisningserfaring, fortrinnsvis frå ungdomstrinnet.
Erfaring med og evne til å leie endringsprosessar.
God IKT-kompetanse og kunnskap om Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
Skuleleiarerfaring/leiarutdanning er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar
Du er god på kommunikasjon og samarbeid.
Du er entusiastisk, kreativ og motiverande.
Du skaper gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter avtale og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Som tilsett får du medlemskap i kommunal velferdsklubb.
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Etter opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Christin Klubben.
Adresse: Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Christin Klubben
Telefon: +47 957 74 456
Om arbeidsgivaren
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Adresse: Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Christin Klubben
Telefon: +47 957 74 456
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available