Avdelingsleiar/leiande helsesjukepleiar Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
(i ny fane)
Om stillinga
Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn og unge i Ørsta kommune?
Då har vi ei spanande stilling til deg. Ørsta kommune søkjer etter avdelingsleiar for helsestasjonen. Helsestasjonen er lokalisert i nye lokale i nær tilknyting til mellom anna legesenteret og fysio/ergo/friskliv. Avdelinga er organisert under tenesteområde helse, tildeling og koordinering i sektor for helse, omsorg og velferd. I tenesteområdet elles ligg fysio/ergo/friskliv, legeteneste, kommunepsykolog, tildeling, koordinering, NAV og barnevern.
Som avdelingsleiar vil du inngå i tenesteleiar si leiargruppe.
Helsestasjonen har 11,54 årsverk fordelt på 15 tilsette. Vi har eigen helsestasjonslege i 50 % stilling, jordmorressurs 125 %, merkantil ressurs 100 % og resterande er helsesjukepleiarstillingar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling. Vi har eit nært samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge. Kommunepsykolog har kontor på helsestasjonen og jobbar houvdsakleg mot barn og unge
Helsestasjonen har ansvar for svangerskapsomsorg v/jordmor, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste, HFU, smittevern, gjennomføre nasjonalt vaksinasjonsprogram, helsekontroll av flyktningar.
Ørsta kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, og kommunen jobbar for å verte ein BTI-/BTSkommune gjennom prosjekt som skal sikre forankring og implementering. Helsestasjonen har ei viktig rolle i dette arbeidet.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
04.10.2024
Arbeidsgivar:
Ørsta kommune
Stad:
Ørsta
Stillingstittel:
Avdelingsleiar/ Leiande helsesjukepleiar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4849465335
Del på X
Del på Linked In
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Leiar for helsestasjonen med fag- og personalansvar
Medansvar for økonomi
Organisere og prioritere arbeidsoppgåvene
Utvikle tenesteområdet
Vere med på å utvikle det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge
Deltaking i arbeidsoppgåver som ligg til helsestasjonen
Kvalifikasjonar
Primært søkjer vi etter helsesjukepleiar, men andre med relevant kompetanse kan bli vurderte
Leiarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg. Ved manglande formell kompetanse, vert det kravd at slik utdanning skal takast innan 3 år
God digital kompetanse, og evne til å setje seg inn i ulike datasystem
Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg. Nynorsk skriftmål skal nyttast i all tenestekommunikasjon
Førarkort klasse B. eventuelt at dette vert teke innan nærare avtalt tid
Det er krav om politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker ein tydeleg og ivaretakande avdelingsleiar
Du samarbeider godt med andre
Du likar å jobbe i team, men kan også jobbe sjølvstendig
Du ønsker å utvikle tenesta og medarbeidarane dine
Du skaper gode relasjonar
Du har god digital kompetanse
Du ønsker å bidra i utvikling av tverrfagleg samarbeid for barn og unge
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Løn etter avtale Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Prøvetid 6 mnd. der fråver går til fråtrekk. Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Adresse:
Ørsta Health Center, Dalevegen 28A, 6153 Ørsta, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Runa Bakke
Tenesteleiar
Telefon:
91621147
E-post:
runa.bakke@orsta.kommune.no
Om arbeidsgivaren
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available