Eidsdal SFO har ledig eitt 60 prosent vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/assistent.
SFO i Eidsdal
Eitt (1) 60% årsvikariat
Bemanne SFO kvar ettermiddag (måndag - tysdag og torsdag og fredag) frå 14:00 - 16:30. I tillegg blir det arbeid frå 07:00 - 16:30 kvar onsdag
Vil du lese meir om skulen vår kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
22.09.2024
Arbeidsgivar:
Oppvekst og kultur
Stad:
Eidsdal
Stillingstittel:
Barne - og ungdomsarbeidar/assistent SFO i Eidsdal
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
60
Webcruiter-ID:
4859304158
Sluttdato:
22.06.2025
Del på X
Del på Linked In
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.
Gje barna omsorg og tilsyn.
Kvalifikasjonar
Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, viser initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre.
Vi tilbyr
Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Løn i samsvar med avtaleverk
Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Adresse:
Langereiten 23, 6215 Eidsdal, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Brit Flemmen Kleiva
Fungerande Inspektør / Rektor
Telefon:
47833842
E-post:
brit.flemmen.kleiva@fjord.kommune.no
Om arbeidsgivaren
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no