MB Hydraulikk AS held til i Mjosundet i Aure kommune, 11 km frå kommunesenteret. Selskapet vart stifta i 2004, har 35 tilsette og ei forventa omsetning på ca. 60 mill. i 2022. Vi konstruerer og produserer vinsjar, kraner og sidepropellar mv i aluminium og rustfritt stål. Vi leverer avanserte, høgkvalitets, eigenutvikla, skreddarsydde produkt til seismic, subsea, forsvar, forskning, oppdrett servicebåt, frakt og fiske mv. Vi søkjer:
Medarbeidarar innan Røyr og Automasjon
Arbeidsoppgåver vil kunne vere:
Utvikling av elektriske og hydrauliske kontrollsystem
Testing av elektriske og hydrauliske kontrollsystem
Service/reiseoppdrag på elektriske og hydrauliske kontrollsystem
Røyrlegging og oppbygging av hydrauliske system på nye produkt
Ønskte kvalifikasjonar:
Erfaring fra oppbygging av elektriske og eller hydrauliske kontrollsystem
Utdanning og eller erfaring innan automasjon.
Utdanning og eller erfaring innan hydraulikk.
Utdanning og eller erfaring innan røyrlegging
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
Gode evner til å samarbeide.
Vi kan tilby:
Ein utfordrande jobb i eit trivelig og godt arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsoppgåver med gode muligheiter for personlig og faglig utvikling.
Løn etter kvalifikasjon.
Bedrifta kan hjelpe til med å skaffe bolig. For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med Kjetil Ås tlf. 71647740. Send søknad med CV og kopi av attestar, vitnemål og eventuelle referansar til: MB Hydraulikk AS, Mjosundvegen 306, 6693 Mjosundet, eller til kjetil@mbh.no Snarast.
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available