I klinikk Volda har vi ein seksjon for medisinske legar. I sekjonen har vi 12 stillingar for overlegar, 10 stillingar for LIS 2/3 og 10 for LIS 1. Seksjonen vår er ein indremedisinsk seksjon for akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Vi er eit fagleg interessant og triveleg kollegium av overlegar og legar i spesialisering.
I Volda er vi oppteken av at du som tilsett blir sett og ivareteken fagleg og sosialt i utdanningsløpet som LIS. Dette for at du skal få eit best mogleg utdanningsløp, men og for at du skal ønske å kome tilbake som spesialist ved Volda sjukehus.
Vi har frå snarast ledig 100% LIS2/3-stilling Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
18.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Volda
Stillingstittel:
LIS 2/3-lege indremedisin
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4855448190
Arbeidsoppgåver
Delta i seksjonen si daglege drift, inkludert visittar, poliklinikk og vaktarbeid på felles intensivavdeling
Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
Gjennomføre diagnostiske og terapeutiske prosedyrar med rettleiing
Delta i tverrfaglege teammøter og bidra til god pasientbehandling
Følge opp pasientar i samarbeid med spesialistar og anna helsepersonell
Delta i undervisning og rettleiing av medisinstudentar og andre kollegar
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Godkjent LIS1-teneste
Erfaring frå og interesse for indremedisin og ynskje om å spesialisere seg innan indremedisinske felt
Gode norsk eller skandinaviske språkkunnskaper
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å sikre kvalitativ pasientbehandling
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Ei genuin interesse for indremedisin og ynskje kontinuerlig fagutvikling
Opptre påliteleg og ta beslutninger under press, med fagleg støtte i bakhand
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar
Tilrettlagt for fagleg utvikling og spesialisering innan fleire indremedisinske fagområde
Rettleiing og oppfølging av erfarne spesialistar som vil at du skal lukkast
Stor grad av tilpasning av arbeidssituasjonen ut frå dine behov
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Du finn Volda midt i det beste som Noreg kan by på av fjord og fjell. Her kan du oppsøke dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med fleire daglege flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Adresse:
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Miriam Wiksnes
Seksjonsleiar
E-post:
Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available