Job Opportunities in Norway


August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal

Ålesund

OTHER


Tilkallingsvikarar


(i ny fane)



Om stillinga
Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR ved Ålesund sjukehus søker etter ansvarsfulle og engasjerte tilkallingsvikarar.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR er ein fylkesdekkjande sikkerheitsseksjon som tek imot pasientar med samansette utfordringar innan psykisk helse, rus- og voldsproblematikk. Seksjonen har eit tett og nært samarbeid med andre seksjonar i avdelinga, Sikkerhetspost B (Hjelset), med Regional Sikkerhetsavdeling Østmarka og med førstelinjetenesta. Vi jobbar tett saman i tverrfaglege team med fokus på pasient- og personalsikkerheit. Arbeidet består i oppfølging av pasientar inne i seksjonen og utstrakt poliklinisk ambulant verksemd. Vi kan tilby eit særs godt arbeidsmiljø med god fordeling av kjønn og stort aldersspenn, høg tverrfagleg kompetanse innan målområdet og tydeleg fagleg fokus.
Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Tilsetting vil skje fortløpande.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Vi ber deg laste opp attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden din.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
06.10.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
ÅLESUND
Stillingstittel:
Tilkallingsvikar
Stillingar:
8
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Tilkalling/Timebasis
Stillingsprosent:
0
Webcruiter-ID:
4852271267


Arbeidsoppgåver
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Deltaking og rettleiing i aktivitetstilbod til pasientane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
Kvalifikasjonar
  • Vi oppmodar deg med helse- eller sosialfagleg utdanning, samt studentar innan helse, til å søke
  • Du som ikkje har formell utdanning som helsepersonell er også velkomen til å søke som tilkallingsvikar
  • Erfaring frå liknande arbeid vil vere eit fortrinn
  • Opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper
  • Du har gode evner til etablering av relasjonar til pasientane
  • Evne til å stå i krevjande situasjonar
  • Vi søker en kollega, med nok audmjukheit til å kjenne si begrensning, og nok styrke til å trå til når det skjer noko ekstra

Personlige eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.


Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein arbeidsplass som ligg i hjartet av Sunnmøre. Personalet og pasientane er støtt på tur i vårt vakre nærmiljø



Adresse:
Åsehaugen 5, 6017 ÅLESUND, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Anne-Lise Eriksen Verpeide
Konstituert seksjonsleiar
E-post:
Anne-Lise.Eriksen.Verpeide@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

Similar Jobs


September 10, 2024

Stad kommune
Helgestillingar og tilkallingsvikarar ved Seljetunet

Selje

OTHER

View Details

September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikarar miljøterapeut/miljøarbeidar

Ålesund

OTHER

View Details

August 28, 2024

Ulstein kommune
Tilkallingsvikarar heimetenesta og Petterbakken 4

Ulsteinvik

OTHER

View Details

August 13, 2024

Stranda kommune
Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar

Stranda

OTHER

View Details

May 16, 2024

Volda kommune
Tilkallingsvikarar i helse og omsorg

Volda

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sykepleiar

Molde

OTHER

View Details

September 6, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarstudent

Ålesund

OTHER

View Details

August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarar

Hjelset

OTHER

View Details

August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikarar

Ålesund

OTHER

View Details

August 26, 2024

Helse Møre og Romsdal
Gynekolog

OTHER

View Details