Vi har ledig vikariat for teknikkar ved sterilsentral SNR - arbeidssted i Molde og Kristiansund frå snarast. 100% stilling med, moglegheit for forlenging. Opplæring vil bli gitt ved Sterilsentralen i Kristiansund. Du vil vere ei viktig brikke i teamet vårt, og vi søkjer deg som vil ha ein variert, kjekk og travel arbeidsdag. Ein må pårekna arbeid i turnus inkludert helg. Vi har faga ortopedi, mage/tarm, auge, ØNH, plastikk og mykje meir. Operasjonsavdelingane ved Molde og Kristiansund sjukehus er aktive avdelingar der fleire yrkesgrupper jobbar saman i det daglege, til det beste for pasienten. Sterilsentralen er ei viktig brikke i sjukehuset som leverer sterile instrument og varer til operasjon og mange fleire avdelingar.Nytt felles akuttsjuehus for Nordmøre og Romsdal (SNR) er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Du må rekne med å jobba på eit av desse stadene.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
19.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel:
Sterilsentralteknikker
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4847829367
Arbeidsoppgåver
Reingjering / desinfeksjon av instrument
Instrumentvedlikehald og kontroll
Pakking og sterilisering
Bestille varer frå sentrallager
Forsyning av suturer til heile sjukehuset
Forsyning av sterilt eingangsutstyr til operasjonsavdelinga
Halde orden i avdelinga, reingjering etter liste
Skal arbeide etter oppgitte og nedskrevne rutiner og prosedyrer
Skal delta i opplæring av nytilsatte
Skal rotere på dei ulike sonene i sterilforsyningskjeden
Halde seg fagleg à jour innan fagområdet og pliktar å kunne beherske det tekniske utstyret som er i avdelinga
Kvalifikasjonar
Fagbrev sterilforsyning i helsetjenesten, eller annen relevant utdanning
Personlege eigenskapar
Du er praktisk, sjølvstendig og arbeidsam
Du trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Du har gode hygieneprinsipp
Har medansvar for å utvikle eit godt arbeidsmiljø i avdelinga
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Adresse:
Herman Døhlens vei, Kristiansund, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Bratlie
Ann-Veronica
Telefon:
+47 45678689
Om arbeidsgivaren
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsadi." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontaktmed annonseseljarar.Les meir om oss påwww.helse-mr.no
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available