Job Opportunities in Norway


August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal

Hjelset

OTHER


Sjukepleiarar


(i ny fane)



Om stillinga
Alderspsykiatri SNR er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har i dag 6 plassar. Ved innflytting SNR går vi opp til 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Vi har 4 senger for psykosepasientar og 5 senger for pasientar med alderspsykiatriske problemstillingar. I utgangspunktet er 4 plasser forbeholdt overføring frå andre seksjonar. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet, der også miljøpersonale frå sengeposten kan delta. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Oktober 2024 skal vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Vi søker primært etter sjukepleiarar, men spesialsjukepleiarar med vidareutdanning i psykisk helse/rus evt geriatri kan og søke.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
27.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Hjelset
Stillingstittel:
Sjukepleiar
Stillingar:
6
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4852443098
Startdato:
21.10.2024


Arbeidsoppgåver
  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og brukar mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk
  • Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
  • Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
  • Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
  • Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive
  • Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår



Adresse:
Opdølvegen, 6450 Hjelset
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 46683184

Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

New Jobs from This Company


September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sykepleiar

Molde

OTHER

View Details

September 6, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarstudent

Ålesund

OTHER

View Details

August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarar

Hjelset

OTHER

View Details

August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikarar

Ålesund

OTHER

View Details

August 26, 2024

Helse Møre og Romsdal
Gynekolog

OTHER

View Details