Politiførstebetjent med funksjon som teamleiar for UEH patruljeavsnitt GDE Bergen, Askøy og Øygarden, Tenesteeining Bergen sentrum, Seksjon for patrulje, etterforsking og førebygjing
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden (BAØ), er det ledig eit antal stillingar som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som teamleiar, for UEH avsnitt for patrulje ved Bergen sentrum politistasjon.
Bergen sentrum politistasjon (BSE), Seksjon for førebygjing, patrulje og etterforsking består av 7 avsnitt; 5 patruljeavsnitt inkluderte 3 stk UEH patruljeavsnitt, 1 stk IP 4 patruljeavsnitt og politivakta, Avsnitt for generell etterforsking og Avsnitt for kriminalitetsførebygjing.
Arbeidsoppgåver
- Koordineringsansvar
- Fagleiar og aksjonsleiar for eitt UEH – team
- Ansvarlig for utmønstring / tenesteutsetjing av mannskap, under dette samhandla med avsnittsleiar og andre teamleiarar ved Bergen sentrum politistasjon
- Kan vera avløysar for avsnittsleiar
- Lede mannskapa til kunnskapsstyrt politiarbeid og bruka PPS som arbeidsmetode
- Operativ teneste, operativ leiing og etterforskingsleiing i første linje
- Være med å utvikla kultur for openheit og likeverd, gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørgja for god og tydeleg kommunikasjon internt og eksternt, mellom samarbeidspartnarar og innbyggjarar
- Følgja opp føringar gitt av seksjonsleiar, UEH – leier (FOT), UEH – koordinator (BAØ) og avsnittsleiar (BSE)
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Gjennomført og bestått PHS sitt UEH–grunnkurs, under dette IP3–godkjenning for 2024
- Minimum 3 års relevant erfaring
- Erfaring frå politioperativt arbeid
- Erfaring frå etterforsking
- God kjennskap til HMS–arbeid
- God system- og IT kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskelege:
- Brei politifagleg kompetanse vil bli vektlagt
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning vil bli vektlagt
- UEH aksjonsleiarutdanning (lokal og / eller sentral) er ein fordel
- Brei IP3 - fagleg bakgrunn er ein fordel
- Pedagogisk kompetanse er ein fordel
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar medvår medarbeiderplattform.
Personlege eigenskaper
- Være tett på, vise respekt, vera heilskapsorientert og modig
- Ha evne til å ta avgjerder, følgja opp personal- og samhandlingsutfordringar
- God gjennomføringsevne
- Motivere og skapa resultat i samhandling med andre
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging, skapa trygg og inkluderande arbeidsplass for eigne og medarbeidarane til andre
- Evne til å tenkja klart i ein travel arbeidskvardag, og leia andre gjennom det same
- Samfunnsorientert med forståing for rolla i eininga i samfunnsoppdraget til politiet"
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:
https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politiførstebetjent SKO 0285 med funksjon som teamleiar blir lønna i spennet frå lønnstrinn 67/ kr 657.300,- til lønnstrinn 71/ 708.000,- brutto per år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling .
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.: 24/187445
Om arbeidsgivaren
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.