Vi har no ledig stilling for operasjonssjukepleiar.
Seksjonen vår er ein del av Avdeling anestesi, operasjon og intensiv som igjen er ein del av Klinikk SNR. Vi har omlag 30 stillingar, kor 24 stillingar går i 3-delt turnus. På helg jobbar halvparten 12 timers-vakter, resterande jobbar 3-delt turnus. Vi deltek i sjukehuset sitt traumeteam.
Seksjonen vår bistår på ulike fagfelt:
Gastro
Gyn./ føde
Ortopedi
Plastikk
ØNH
Generell kirurgi
Auge
Vi har også operasjonar frå medisinsk avdeling som til dømes pacemakere og andre oppdrag som dei har behov for hjelp til.
Vi er snart på flyttefot til nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR). Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir lokalisert på Hjelset ca 20-30 min. med bil frå Molde sentrum, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
20.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Molde
Stillingstittel:
Operasjonssjukepleiar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4855313985
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver i helhold til funksjonsbeskrivelse for operasjonssykepleiar
Steril og koordinerande funksjon
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Operasjonssjukepleiar med spesialutdanning
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du er pasientorientert
Du er lærevillig og omstillingsdyktig
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner i det kirurgiske teamet
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Adresse:
Molde Sjukehus, Parkvegen 84, 6412 Molde, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Kirsti Hoemsnes
seksjonsleiar
Telefon:
+47 71120000
Om arbeidsgivaren
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsadi." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontaktmed annonseseljarar.Les meir om oss påwww.helse-mr.no
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available