Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus har ledig eit vikariat og to faste LIS 3 stillingar i nevrologi. Nevrologisk seksjon er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering; ANRR. Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS. Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus for deler av spesialiseringsforløpet. Helse Førde er for tida inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi ser med entusiasme fram mot hausten 2024 då vi skal flytte inn i ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse. Vi har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt med tanke på samarbeid mellom kollegaer, andre yrkesgrupper i seksjonen, samt med andre avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar. Oppstart faste stillingar per 01.03.2025. Vikariat snarast mogeleg. Vi ser fram til å motta søknad frå deg.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
29.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stad:
Førde
Stillingstittel:
LIS3 Nevrologi
Stillingar:
3
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast, Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4855473439
Arbeidsoppgåver
LIS følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktplan, med fri i vaktplan kvar 7. veke. Tilstadesvakt.
Som LIS på vår avdeling, vil du delta i arbeid på post, ha poliklinikk og delta i tverrfagleg samarbeid. Du vil få undervisning og rettleiing etter oppsett plan.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
Motivert, lærevillig og interessert i fagfeltet
Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
Ein spennande og utfordrande jobb
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse:
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Anne Marit Sølvberg Rygg
Avdelingssjef
Telefon:
958 25 538
Stig Erik Hegrestad
Seksjonsleiar Nevrologisk seksjon
Telefon:
578 39 355
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available