Husøkonomiavdelinga ved Nordfjord sjukehus har ledig 100% fast stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar. Tilsetting snarast eller etter nærare avtale. Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar uten fagbrev kan være aktuelle.
Stillinga er delt mellom reinhald på institusjonane våre og dagleg drift av personalbustadane. Nordfjord sjukehus disponerer 50 utleigebustader/personalbustader.
I stillinga skal ein ha det daglege ansvar for bustadmassen.
Arbeidstid i avdelinga er for tida kl. 07.00 - 15.00. (Helg kl. 07.00 - 14.30)
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
06.10.2024
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stad:
Nordfjordeid
Stillingstittel:
Reinhaldsoperatør / reinhaldar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4855481823
Arbeidsoppgåver
Dagleg og periodisk reinhald i Helse Førde sine institusjonar i Nordfjord samt personalbustadane som Helse Førde disponerar
Maskinelt renhold
Dagleg drift av utleigebustadar
Skriving av husleiekontrakt, fakturering av husleige, planlegging ved utflytting og innflytting i bustader o.l.
Det må og påreknast andre oppgåver som ligg innanfor ansvarsområda til avdelinga
Kvalifikasjonar
Fagbrev som reinhaldsoperatør eller tilsvarande utdanning
Erfaring innan reinhaldsyrket kan kompensere for manglande utdanning
Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Du må ha god kompetanse med bruk av data som arbeidsverktøy.
Du må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig, ansvarsbevisst og fokusert på å gjere våre brukarar fornøygde
Gode kommunikasjonsevner, være kreativ og påliteleg
Serviceinnstillt og endringsvillig
Tek ansvar og initiativ i jobben du gjer
Strukturert og effektiv
Villig til å utvide kompetanse
Fleksibel
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved ansettelse
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande avtaler og regelverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Variert og spennande stilling
Godt arbeidsmiljø
Opplæring
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse:
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Norge
Kontaktinformasjon
Helene Hilde-Sølvberg
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 915 34 718
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available