Helse Førde har ledig 25% fast stilling som hotellvert ved Pasienthotellet, Førde sentralsjukehus: Pasienthotellet ligg på Førde sentralsjukehus. Hovudoppgåva til Pasienthotellet er å vere eit tilbod for at pasientane skal bli behandla på best effektiv omsorgsnivå. Pasienthotellet er eit tilbod for pasientar som er oppegåande og sjølvhjelpte, men som har behov for innlegging i sjukehus. Les meir om Helse Førde HF.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
25.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stad:
Førde
Stillingstittel:
Hotellvert Pasienthotellet
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
25
Webcruiter-ID:
4858165181
Arbeidsoppgåver
Bemanne resepsjon
Handtere inn- og utsjekking
Du vil vere eit kontaktpunkt for sengepostar og poliklinikkar
Du vil ta førefallande arbeid i seksjonen
Ta del i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
God generell IT-kunnskap
Personlege eigenskapar
Må vere fleksibel og ha evne til å jobbe effektivt
Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
Samarbeide godt med andre, dele kunnskap og erfaring
Serviceinnstilt
Nøyaktig og løysingsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse:
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Trude Njøsen Helgås
Avdelingssjef
Telefon:
+47 971 01 110
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available