Prehospital avdeling ligg organisert i Kirurgisk klinikk med ansvar for ambulansetenesta og AMK-sentralen.
Avdelinga startar kurs for ambulanseassistentar, der målgruppa er studentar og autorisert helsepersonell som ønskjer å jobbe for oss. Gjennomført og bestått opplæring, vil kvalifisere for sommarvikariat, tilkallingsavtale og kortare engasjement.
Ambulansetenesta er gjennom akuttmedisinforskrifta detaljregulert opp mot kvalifikasjonskrav, der hovudregel er at begge på bil skal ha helsefagleg autorisasjon, minst ein av desse autorisert ambulansearbeidar eller paramedisinar. Kurset stettar Helsedirektoratet sin nasjonal rettleiar for kompetansenivå for ambulansevikarar (under arbeid). Opplæringa består av kurssamlingar, arbeidskrav, e-læring og rettleia klinisk praksis ute på stasjon og i ambulanse. Opplæringa går over 3 obligatoriske samlingar i perioden desember - mars, i tillegg til rettleia praksis. Opplæringa har mål om rekruttering av tilsette til eiga teneste, ikkje for den opne marknaden. Dette er ein innfallsport og unik sjanse for å kunne jobbe som ambulanseassistent etter å ha fått autorisasjon som helsepersonell og på sikt kunne bli autorisert ambulansearbeidar. Det er eit vilkår for plass på kurset at ein parallelt søkjer sommarvikariat i ambulansetenesta. Kurssamlingar: Veke 49 - Samling 1
Laurdag 7. desember - Fysisk test
Søndag 8. desember - Introduksjon
Veke 9 - Samling 3 - Ambulanseoperativ kompetanse
Laurdag 1. mars - Ambulanseoperative emne
Søndag 2. mars - Ambulanseoperative emne
Samlingsdatoane er tentative, med atterhald om endringar. Det er obligatorisk frammøte. Rettleia praksis i ambulanse Hospitering/ rettleia praksis på ambulansestasjon i perioden desember - mai. Før endeleg sluttvurdering og trinn 1 utsjekk lokalt, må ein dokumentere kring 100 timar praksis, som tilsvarer ca 12 dagvakter kl. 08.00 - 16.00, eller 8 døgnvakter. Sjå Helse Førde og ambulansetenesta for meir informasjon om opplæringa og kvalifikasjonskrav. (setje inn lenke). Vår kompetanseseksjon selekterer deltakarar etter søknad. I søknaden ber vi dykk om å spesifisere geografisk område (lokalsjukehusområde) de primært ønskjer å jobbe i etter endt kurs. Vikarar må pårekne å jobbe ved fleire stasjonar. Deltakarar må vere budde på at tilbodet om vakter vil vere ved fleire av stasjonane våre, fordelt på både større og mindre stasjonar.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
31.10.2024
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stillingstittel:
Ambulanseassistent - forskriftskurs
Stillingar:
20
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Anna
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4839373774
Kvalifikasjonar
Vilkåra for å få plass på opplæringa er at du er i eit helsefagleg utdanningsløp eller har følgande helseautorisasjon:
Lærlingar i ambulansefag etter fullført bedriftsintern utsjekk
Paramedisin-studentar etter fullført 2. år (eller tilsvarande ved deltid)
Sjukepleiar-studentar etter fullført 2. år (eller tilsvarande ved deltid)
Medisinstudentar etter fullført 3. år
Legar og sjukepleiarar med autorisasjon
Det kan i gitte situasjonar vurderast alternative helsepersonellgrupper så lenge nødvendig kompetanse er ivaretatt. Tilleggskrav:
God fysisk og psykisk helse. Bestå fysiske krav ved første samling, som eit vilkår for å halde fram kurset.
Førarkort klasse B
Stette medisinske krav til førarkort klasse D
Førarkort klasse C1 innanfor vakt som ambulanseassistent
Politiattest før vakt som ambulanseassistent
Personlege eigenskapar
Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å jobbe sjølvstendig og godt i team
Vise gode evner til å jobbe med akuttmedisin
Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet
Pliktoppfyllande og lærevillig
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Opplæring som høve til vikariat og engasjement i tenesta
Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
Fagleg og personleg utvikling
Kompetanseutvikling i form av fagstige
Tilsette som jobbar minst 6 veker heiltid gjennom sommaren 2025, får dekka inntil kr 12.500,- per år (kr 25.000 over to år) for å dekke kostnadar til C1 opplæring.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse:
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Per-Erik Eide Hjelle
Opplæringsansvarleg
Telefon:
415 30 515
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
We regret to inform you that this job opportunity is no longer available