Job Opportunities in Norway


July 5, 2024

Helse Møre og Romsdal

Kristiansund

OTHER


LIS1 - som venter på LIS1 plass


(i ny fane)



Om stillinga
Venter du på LIS1 plass ?
Vi har ledig vikariat for lege som venter på LIS1 tjeneste. Arbeidsoppgaver er postarbeid - uten vakttjeneste. Tiltredelse fra snarest og fram til og med februar 2025.
Helseforetaket vil tilrettelegge for bolig i perioden. Ansettelse vil skje fortløpande.
Seksjon for medisinske legar i Kristiansund har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi og akutt- og mottaksmedisiner. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.

Derfor kjem du til Kristiansund!
Kristiansund er perla på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet
Hyggeleg småby med eit variert utvalg kaféar og spisestader
Eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år
Ein kort biltur unna Atlanterhavsvegen med sin spektakulære beliggenhet og fleire sjarmerande fiskevær
Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, og med mogelegheit for vidare flybytte
Eit godt sosialt miljø


Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
22.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Kristiansund
Stillingstittel:
LIS1 vikar - Helse Møre og Romsdal HF - Kristiansund sjukehus
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4836687076


Arbeidsoppgåver
  • Arbeid ved sengepost på dagtid.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege eller gyldig lisens.
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Vi imøteser relevant erfaring
Personlege eigenskapar
  • Du er pasientorientert
  • Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
  • Du er fleksibel, positiv og endringsorientert
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
Les meir om Kristiansund og Nordmøre her




Adresse:
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Inger Stokke
Konst. seksjonsleiar

Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

September 21, 2024

JYSK
Butikksjef JYSK Arendal

Arendal

OTHER

View Details

Similar Jobs


September 11, 2024

REMA 1000
Butikkmedarbeider, heltid til REMA 1000 RÅDHUSPLASSEN

Ås

OTHER

View Details

September 16, 2024

NRK
Praksisplasser for journaliststudenter ved NLA Høgskolen

Oslo

OTHER

View Details

September 16, 2024

NRK
Praksisplasser for journaliststudenter ved Høgskulen i Volda

Oslo

OTHER

View Details

September 16, 2024

NRK
Praksisplasser for journaliststudenter ved Universitetet i Stavanger

Oslo

OTHER

View Details

September 16, 2024

NRK
Praksisplasser for journaliststudenter ved Universitetet i Bergen

Oslo

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sykepleiar

Molde

OTHER

View Details

September 17, 2024

Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikarar miljøterapeut/miljøarbeidar

Ålesund

OTHER

View Details

September 6, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarstudent

Ålesund

OTHER

View Details

August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal
Sjukepleiarar

Hjelset

OTHER

View Details

August 28, 2024

Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikarar

Ålesund

OTHER

View Details