Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus

Bergen

OTHER


Overlegevikariat ved Nyføddintensiv


Om stillinga
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.

BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Les meir om oss: Barne- og ungdomsklinikken
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) har nå ledig eit 12 månaders overlegevikariat ved avdeling nyføddintensiv med mogleg forlenging. Ved seksjon for nyføddintensiv arbeider i dag 8 overlegar. Seksjonen har 16 senger, og arbeider med alle delar av nyføddmedisin, inkludert ekstremt premature barn. Avdelinga er landets tredje største nyføddavdeling og har ansvar for ca 4300 fødslar ved eige sjukehus og intensivbehandling for eit nedslagsfelt på ca 7100 fødslar. Avdelinga er aktiv innan klinisk forsking.

Til stillinga søker vi godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping i nyføddmedisin. Legen som blir tilsett ønskes bakvaktompetanse for nyføddintensiv, alternativt ambisjon om å nå dette i vikariatperioden.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
29.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Bergen
Stillingstittel:
Overlege
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4852763195
Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver
  • Du vill ha dag til dag ansvar for behandling av inneliggande pasientar og ansvar for oppfølging.
  • Du vil arbeide både på sengepost og poliklinkk
  • Du vil delta i 12 delt tilstede bakvakt eller 7-delt tilkallingsvakt nyføddintesiv etter kvalifikasjonar og klinikkens behov
  • Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar , studentar og andre personellgrupper
Kvalifikasjonar
  • Vi legg vekt på klinisk erfaring og fungering, særleg innan nyføddmedisin
  • Vaktkompetnanse for tilstede bakvakt, må kunne meistre arbeid på nyføddintensiv på vakttid
  • Forskarerfaring vil bli vektlagt
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping i nyføddmedisin
  • Gode samarbeidferdigheiter og ønske om å vere del av eit tverrfagleg team
  • Du må meistre norsk/skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Vedkommande som får tilbod om stillinga må du legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også undner skiftande omstende
  • Du har eit godt lag og får frem det beste i dei andre
Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø prega av kompetente medarbeidarar som er opptatt av å gjere ein god jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.

Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.




Adresse:
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Karin Birgitta Tylleskär
Seksjonsleiar overlegar
Telefon:
41701479
Hans Jørgen Guthe
Seksjonsoverlege
Telefon:
41701569

Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

Similar Jobs


September 16, 2024

Oslo universitetssykehus
Overlegevikariater i onkologi

Oslo

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Audiopedagog

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Vi søker barnehageassistent

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

Bergen

OTHER

View Details

September 11, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Rådgivar logistikk

Bergen

OTHER

View Details

September 10, 2024

Haukeland Universitetssjukehus
Gastrokirurg/ generell kirurg, Voss sjukehus

Bergen

OTHER

View Details