Ledig fast stilling som politibetjent ved Setesdal politistasjonsdistrikt Midtre - Setesdal psd, Agder politidistrikt
Setesdal politistasjonsdistrikt har ledig ei fast stilling ved Valle og Bykle politistasjon. Det vil bli eitt eller fleire vikariat som politibetjent fordelt på Bygland, Evje og Hornnes politistasjon og ved Valle og Bykle politistasjon.
Som politi i Setesdal førebyggjer vi kriminalitet, vi utfører etterforsking og vi køyrer patrulje. Politiarbeid på staden er ein sentral arbeidsmetode som bind saman politioperativt arbeid med etterforsking. Tenesta er variert, og vi ønskjer deg som interesserer deg for fleire fagfelt i politiet.
I Setesdal blir ein stor del av beredskapen dekt med beredskapsvakt. Det er vaktsamarbeid mellom dei to politistasjonane i Setesdal, slik at vaktområdet er stort. Beredskapsvakt inneber at ein på kveld og natt i stor grad vil ha vakt og rykke ut til oppdrag frå eigen bustad. Difor er det også krav om å opphalde seg i distriktet når ein har beredskapsvakt. For enkelte kan beredskapsvakt opplevast spesielt, og det medfører også eit stort ansvar når Operasjonssentralen ringer og treng ei patrulje i dei indre bygdene. Avstand til andre patruljer utfordrar deg til å gjere gode vurderingar og finne den beste oppdragsløysinga.
Vi trur at du vil trivast med å vere politi i bygdene våre, at du er tett på, og at du ønskjer å vere tilgjengeleg for innbyggjarane. I politistasjonsdistriktet vårt er vi heldige og har til tider mange tilreisande, med store hytteområde og destinasjonar som Hovden, Brokke og Evje/Flatebygd. Mange bruker fritidsbustadane sine flittig, og er mykje ute i den vakre naturen som blir brukt til mange aktivitetar. I dei travlaste periodane vil innbyggjartalet mangedoble seg. Eit døme på dette er Hovden, der folketalet i kommunen kan auke frå 1 000 innbyggjarar til nærare 20 000 i høgsesongen.
Som medarbeidar i Setesdal Politistasjonsdistrikt er vi opptatt av å tilby deg eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
Kvinner oppmodast til å søke.
Ber om at du spesifiserer kor du ynskjar å jobbe.
Dersom det dei neste 6 månadene skulle oppstå fleire ledige tilsvarande stillingar, kan søknadsmassen frå denne utlysinga nyttast ved ein eventuell ny søknadsprosess.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av vakt- og beredskapstenesta i politistasjonsdistriktet, som inneber beredskapsvakt frå egna sted i Setesdal politistasjonsdistriktet
- Redningsteneste/Vinterteneste
- Etterforske tildelte oppgåver, sikre at sakene blir etterforska med høg kvalitet, god framdrift og i tråd med gjeldande regelverk, faglege standardar og korrekte etterforskingsmetodar
- Ta del i kriminalitetsførebyggjande tiltak (inklusive halde foredrag) i samarbeid med naturlege samarbeidspartnarar som skular, fritidsklubbar, frivillige lag og næringslivet
- Gjennomføre førebyggjande samtalar, inkludert avklaringssamtalar og bekymringssamtalar
- Delta i krimvaktordning i driftseininga om det trengs
- Registrere og rapportere informasjon i aktuelle og relevante register
-
Andre oppgåver når det trengs
Kvalifikasjonar
Naudsynte:
- Bestått politi(høg)skole.
- Minimum IP4-godkjent og godkjent førar av utrykningskjøretøy, eller vere kvalifisert for slik godkjenning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B.
- Kjennskap til Politiets dataverktøy.
Vi viser til gjeldande kompetansekriterier for politibetjent 3/2. Dersom dette gjev høgare grad enn noverande stilling må søkar legge fram dokumentasjon i samsvar med kompetansekriteria for Politibetjent 3/2.
-
Ønskjelege:
- Erfaring frå etterforsking, førebyggjande politiarbeid, spesielt med fokus på U18 eller interesse for desse fagfelta.
- Erfaring med digitalt politiarbeid og/eller relevant utdanning eller interesse innan dette fagfeltet.
- Erfaring får operativ teneste/redningsteneste i politiet.
- God munnleg og skriftleg framstilligsevne på engelsk eller andre framandspråk.
Førarkort klasse BE, S
-
Andre krav:
-
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
- Ved å søkja på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjennomført ei skikkavurdering i forkant av eventuelt intervju.
Personlige eigenskapar
- Gode samarbeidsevner internt og eksternt.
- Evne til å ta initiativ, vise handlekraft og vere kreativ.
- Positiv, omgjengeleg og utåtvent.
- Ha stor arbeidskapasitet samtidig som ein er opptatt av kvalitet.
- Lett å be og opptatt av å yte god service.
-
Evne til å analysere, planlegge og arbeide strukturert for å nå vedtatte mål.
Vi byd på
Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida.
Stillinga er lønna som politibetjent 3/2/1 (sko 1461/1459/1457). Lønsplassering er avhengig av kvalifikasjonar.
- Politibetjent 3 (sko1461) frå kr. 509.300-604.900 brutto pr år.
- Politibetjent 2 (sko1459) frå kr. 454.500-495.200 brutto pr år.
- Politibetjent 1 (sko 1457) frå kr. 432.800 brutto pr år.
Som følgje av pågåande prosessar rundt lønn, vil anna lønn ut over det definerte spennet kunne bli vurdert.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar.(www.spk.no )
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunnar, erfaring og perspektiv for å bidra til ei enno betre oppgåveløysing. Om det er mogleg vil vi leggje til rette for medarbeidarar som treng det.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med nedsett funksjon, "hol i CV-en" eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil eie å bli positivt særhandsama på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt grunnlag for våre vurderingar, bed vi deg om å registrere utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår, og laste opp relevante attestar og vitnemål. Der som du har funksjonsnedsetting, "hol i CV" eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen:
https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan blir gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden om å ikkje blir ført opp ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Agder politidistrikt er ett av 12 politidistrikter i Norge. Vi dekker hele Agder, bortsett fra Sirdal kommune. Vi har ansvaret for 24 kommuner der det bor nærmere 310.000 mennesker. Agder politidistrikt ledes av politimester Kjerstin Askholt og visepolitimester Morten Sjustøl.
Agder politidistrikt har omtrent 730 ansatte, og er nå organisert med 10 politistasjonsdistrikt som inneholder 15 politistasjoner. Politistasjonsdistriktene ligger under tre geografiske driftsenheter (Vestre Agder driftsenhet, Midtre Agder driftsenhet og Østre Agder driftsenhet).
I tillegg til geografiske driftsenheter har politidistriktet fire funksjonelle driftsenheter (felles enhet for påtale, felles enhet for operativ tjeneste, felles enhet for etterretning, forebygging og etterforskning, felles enhet for utlending, forvaltning og sivil rettspleie). I tillegg kommer PST og tre lederstøttestaber (kommunikasjon, virksomhetsstyring og HR/HMS).