Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Gloppen Kommune

Sandane

OTHER


Tenesteleiar for Bu- og omsorgstenesta

(i ny fane)


Om stillinga
Vi har ledig 100 % stilling som tenesteleiar for Bu- og omsorg i Gloppen kommune då vår tenesteleiar skal ut i pensjon. Bu- og omsorgstenesta gjev tenester til pasientar og brukarar som har behov for heildøgns pleie og omsorg og produksjon av middag til pasientar og brukara i og utanfor tenesta.
Følgjande tenester blir gitt i bu- og omsorgstenesta
-korttid/- og rehabilitering
  • avlastning
  • kommunale akutte døgnplassar
  • langtidsplassar i omsorgsbustader med heildøgnsbemanning
  • skjerma avdeling
  • kommunalt kjøkken
  • vaskeri
Fakta om tenesta
Tenesta har om lag 80 årsverk og 76 pasienter/bebuarar. Det er totalt fem avdelingar:

1.Korttid/-rehabilitering og kommunale akutte døgnsenger (institusjon)
2.Skjerma eining langtid (institusjon)
3.Oreteigen-langtid (heildøgns omsorgsplassar)
4.Gloppen kommunale kjøkken
5.Gotatoppen-langtid (heildøgns omsorgsplassar)

Litt om rolla som tenesteleiar
Som tenesteleiar har du overordna fagleg-, administrativt- og økonomisk ansvar for tenesta, og leiar for avdelingsleiarane i bu- og omsorgstenesta. Tenesteleiar rapporterer til kommunalsjefen for helse og velferd og er del av kommunalsjef helse og velferd si leiargruppe. Tenesteleiar er og del av kommunedirektøren sitt leiarforum i Gloppen. Tenesteleiaren har såleis fleire roller å ivareta, ei som leiar for si teneste, ei rolle der ein har medansvar for helse- og velferdsektoren si samla verksemd, og ei for kommmunen si samla verksemd. Dette inneber at ein skal setje seg inn i relevante utfordringar og problemstillingar i dei andre tenestene i kommunen.
Tenesteleiar skal bidra med tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid for å nå sette mål.

Satsingar vi jobbar med
Gloppen kommune jobbar for å være i framkant av utfordringane som vil prege helse- og velferdsektoren i åra framover. Vi jobbar med fleire satsingar knytt til rekruttere og behalde tilsette. Døme på dette er satsing på TØRN, utgreie alternative turnusordningar, bemanningsplanar, bemanningsplanleggar og faste vikarar.


Forventningar til tenesteleiar

Vi ønskjer deg som har evna til å tenke strategisk og oppnå gode resultat både på kort og lang sikt i tett samhandling med aktuelle leiargrupper. Vi ynskjer søkjarar med relevant erfaring som kan dokumentere oppnådde resultat og som viser handlekraft og er nytenkande. Vi legg vekt på at du får fram det beste i andre, at du er bevist dine gode og dårlege sider og at du har strategiar som ivaretek nemde.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
01.10.2024
Arbeidsgivar:
Gloppen kommune
Stillingstittel:
Tenesteleiar for bu- og omsorg
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4854697993
Del på Linked In Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
  • Overordna administrativt ansvar for personal, økonomi og fag i tenesta
  • Tenesteutvikling og forbetringsarbeid
  • Tenesteleiar inngår i leiargruppa til kommunalsjef for helse og velferd
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • Utdanning/erfaring innanfor leiing er naudsynt, ved manglande formell utdanning innan leiing vil dette bli stilt krav til etter tilsetting.
  • Erfaring og resultat innafor endringsarbeid
  • Digital kompetanse
Personlege eigenskapar
  • Er lydhør
  • Er tydeleg i kommunikasjon
  • Er strukturert
  • Evner å vurdere kva som haster og er viktig
  • Har stor gjennomføringsevne
  • Er oppteken av målet og ikkje verkemiddla
  • Gjev tillit og ansvar til dei ein jobbar med
Vi tilbyr
  • Lønn etter avtale
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
  • Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding


Kontaktinformasjon
Gunhild Gimmestad
Kommunalsjef helse og velferd
Telefon: +47 91640696

Om arbeidsgivaren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

New Jobs from This Company


September 10, 2024

Gloppen Kommune
Ledige undervisningsstillingar Sandane skule

Sandane

OTHER

View Details