Job Opportunities in Norway


September 10, 2024

Gloppen Kommune

Sandane

OTHER


Ledige undervisningsstillingar Sandane skule

(i ny fane)


Om stillinga
Sandane skule har ledig inntil 200 % stilling som lærar. Ei stilling er fast og ei er vikariat for skuleåret 24/25. Vi ønskjer snarleg oppstart i ei av stillingane.
Sandane skule er ein fulldelt 1-7 skule med to parallellar på kvart trinn og om lag 280 elevarog 43 tilsette. På Sandane skule treng vi primært nye tilsette i 1. til 4. klasse.


Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen satsar på Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt saman med Høgskulen i Vestland (Dekomp), og saman med Læringssenteret i Stavanger jobbar vi for eit godt og trygt læringsmiljø for alle. Skulane har gode fasilitetar for idrett og friluftsliv. Administrasjonsmålet er nynorsk.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
25.09.2024
Arbeidsgivar:
Gloppen kommune
Stillingstittel:
Ledige undervisningsstillingar Sandane skule
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4858555636
Del på Linked In Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
  • primært undervisning i 1. - 4. klasse
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:
  • godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1.-7. eller 5.-10. eller allmennlærar / faglærar
  • det er viktig med basisfag og krav om formell kompetanse
  • fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk), spesialpedagogikk og norsk som andrespråk er ein fordel
  • kompetanse på byrjaropplæring
  • digital kompetanse
  • kompetanse i kunst og handverk
  • god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
  • undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar
  • gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø
Menn blir særleg oppmoda til å søkje
Vi tilbyr
  • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
  • Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår


Adresse:
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Øren
Rektor Sandane skule
Telefon: 913 31 262
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
Telefon: 957 78 875

Om arbeidsgivaren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Ny Fastlegeavtale på Vestre Legesenter

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider

OTHER

View Details

September 23, 2024

Læringsverkstedet
Assistent

Kristiansand

View Details

September 21, 2024

JYSK
Butikksjef JYSK Arendal

Arendal

OTHER

View Details

September 20, 2024

Bulk
Project Managers

Øvrebø

View Details

Similar Jobs


September 9, 2024

Tønsberg Kommune
Ledige helgstillinger i Årfuglveien Ressurssenter

Eik

OTHER

View Details

September 11, 2024

Bergen Kommune
Ledige stillinger som miljøterapeut i Sosiale botjenester, 1 fast og 1 vikariat

Bergen

OTHER

View Details

September 10, 2024

Bergen Kommune
Vi har ledige helsefaglige studentstillinger på helg

Bergen

OTHER

View Details

September 13, 2024

Stad kommune
Lærarar ved Eid ungdomsskule

Nordfjordeid

OTHER

View Details

September 16, 2024

Rauma kommune
Ledige undervisningsstillinger

OTHER

View Details

September 17, 2024

AssisterMeg AS
Ledige assistent/miljøterapeut-stillinger i BPA-team med...

Lillehammer

View Details

New Jobs from This Company


September 10, 2024

Gloppen Kommune
Tenesteleiar for Bu- og omsorgstenesta

Sandane

OTHER

View Details