Vi tilbyr
Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:
Avtale som tilkallingshjelp betyr at Ulstein kommune tek kontakt med arbeidstakar ved behov for
midlertidig tilsetting, jf. AML § 14-9.
Det er kommunen sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen
inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i kommunen. Arbeidsgjevar har rett til å
inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre, og kommunen står fritt i val av arbeidstakar i det
einskilde høve.
Tilkallingsavtalen er saman med arbeidsplan/vaktliste ein godkjent arbeidsavtale, og Ulstein kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon:
For dei fleste stillingar i barnehagen er det krav om politiattest jf. barnehagelova. Tilfredsstillande politiattest
skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar må skriftleg stadfeste behov for politiattest, før ein kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet.
Dei som vert tilsett kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon av arbeidserfaring (attest) ved fastsetting av lønn.
Lønnsansiennitet blir satt til 0 år til dokumentasjon er levert og vurdert.
Elektronisk søknadsprosess:
Vi rår til at du lastar opp vitnemål og attestar og eventuelt studentbevis som viser kva studie du tek og kva semester du er inne i, i portalen. Desse dokumenta vert ein del av den elektroniske søknaden.
Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønsker deg velkommen som søkjar her hos oss i Ulstein kommune.
Til informasjon vil styrarane i barnehagane få tilgang til søknaden din.
Om vi ved seinare høve lyser ut ledig stilling som er interessant for deg, gjer vi merksam på at du må
sende inn ny søknad til den konkrete stillinga.
Generell informasjon:
Søkjarlister er offentlege.
Løn- og arbeidsvilkår er etter gjeldande lov- og avtaleverk.