Job Opportunities in Norway


September 14, 2024

Universitetet i Bergen

Bergen

OTHER


Stipendiat/PhD 100 % (4 år)

Ui B - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 1 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Stillinga er knytt til prosjektet: ” EBV-MS” (Epstein-Barr virus ved multippel sklerose), finansiert av Horizon Europe. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskingsprosjektet er ein del av EU-prosjektet EBV-MS, der målet er å utvikle nye behandlingar mot MS og å forstå mekanismane for korleis infeksjon med EBV hos berre nokon få medfører utvikling av MS. Den aktuelle stillinga er ein del av arbeidspakke 2 (WP-2), der målet er å teste ut antiviral behandling av MS i kliniske studiar. Oppgåva til stipendiaten vil vere å arbeide med oppgåver knytta til WP-2. Forskingsprosjektet vil inngå i arbeidet med å forstå korleis EBV kan føre til MS og å utvikle nye behandlingsmetodar mot sjukdomen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin (cand. med.)
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Vedkommende må ha god kunnskap om utgreiing av pasientar med nevrologisk sjukdom
  • Ha erfaring med klinisk skåring av MS-pasientar i kliniske studiar som Neurostatustrening og GCP-kurs vil telje positivt
  • Relevante publikasjonar på feltet vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • God skriftleg og munnleg norsk og engelsk, sjå dokumentasjonskrav
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | Ui B

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
For stillinga gjeldt følgande:
Forskarutdanning (ph.d.-programmet):
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Ui B er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.»
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte professor Kjell-Morten Myhr, e-post: kjell-morten.myh@uib.no (tlf.: +47 414 47 868) eller seniorrådgiver Yamila Torres Cleuren, e-mail: yamila.cleuren@uib.no (tlf.: +47 55 58 54 31)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Livet som ph.d.-kandidat ved Ui B
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved Ui B.


Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.


Søknadsfrist
6. oktober 2024
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune

Bergen

Omfang
Heiltid
Varigheit
Åremål
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Latest Job Opportunities


September 23, 2024

Kristiansand kommune
Helsefagarbeider 87 % vikariat ved Storebølgen Eg

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Coop
Extra Kvinesdal søker butikkmedarbeider deltid vikariat

OTHER

View Details

September 23, 2024

Normal
Vi søker Butikksjef på Sørlandssenteret!

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Atea
Seniorkonsulent Analytics

Kristiansand

OTHER

View Details

September 23, 2024

Vennesla kommune
Helsefagarbeider

Vennesla

OTHER

View Details

Similar Jobs


September 5, 2024

Circle K
Salgsmedarbeider deltid, 30% stilling (over 18 år) - Circle K Lillesand

Lillesand

OTHER

View Details

August 29, 2024

Circle K
Assisterende daglig leder, 100% stilling i turnus (over 18 år) - Circle K Fagernes - Narvik

Narvik

OTHER

View Details

September 12, 2024

Circle K
Salgsmedarbeider deltid (over 18 år) - Circle K Geilo

Geilo

OTHER

View Details

September 17, 2024

Circle K
Salgsmedarbeider deltid 60% stilling (over 18 år) - Circle K E6 Narvik

Narvik

OTHER

View Details

August 29, 2024

Aust-Agder fylkeskommune
Renholdsoperatør / renholder (tilkallingsvikar)

Mandal

OTHER

View Details