Våre produkt er med på å redde liv langs vegen og vi jobbar heile tida for å vere fremst i bransjen. Flinke folk som har kompetansen vi treng er alltid velkomne til å sende ein søknad. Ved å registrere deg her, vil søknaden din ligge i vår base i 1 år før den blir sletta. Du må då registrere deg på nytt om du framleis ynskjer å stå som kandidat. Ein open søknad vil ikkje bli besvart på linje med ein søknad på ei utlyst stilling, men vi ser alltid gjennom dei opne søknadane som er komne før vi vel å lyse ut ei ny stilling. Vi er sikre på at mangfald i arbeidslivet er ei styrke og ønskjer deg velkommen til å søke, uansett kven du er. Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk så passar du godt inn hos oss.
Foto: Oclin
Om søknaden
Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Har du spørsmål?
Kontakt gjerne fabrikksjef Henning Andre Melle på tlf. 918 57 594.
Om Vik Ørsta
Vik Ørsta AS er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, som er med på utvikle framtida sine infrastrukturløysingar i Europa.