Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 179 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane. Vi har ledig stilling som tilkallingsvikar, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. Arbeidsoppgåver
Kundebehandling
Kasse
Post i butikk
Varemottak / vareplassering
Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsom og imøtekommende, og trivst med salg og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidrar til et godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundene våre. Vi kan tilby varierte arbeidsoppgaver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsatte. Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Eli Moen Strand Søknad og CV registrerast digitalt. Søknadsfrist: Snarest