Om stillinga
Verksemd Vatn og avløp, avdeling Drift Vatn og avløp har ledig stilling som driftsoperatør.
Kjerneoppgåva vår er å sikre reint og godt drikkevatn til innbyggarane, og at avløpshandteringa hindrar forureining av miljøet rundt oss.
Avdeling Drift vatn og avløp har ansvar for drift, vedlikehald og fornying av vatn og avløpsnettet i heile Ålesund kommune.
Avdelinga er inndelt i fire grupper: Vannbehandling, Avløpsrensing (renseanlegg), Driftsstøtte og Ledning og pumpe.
Det er gruppa Ledning og pumpe som no har ledig stilling.
I tillegg til utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskaper og at ein elles er skikka for stillinga.
Om arbeidsgivaren
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.